|
SAMNANGER MISJONSFORSAMLING er FOR DEG!Vi peikar på Jesus og Guds løfter til deg: Bli født på nyBli verkeleg friBli ein Guds medarbeidarFå den sanne gledaFå evig liv”Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans”. Johs 1,12
Red., 06.01.10
Red., 22.12.09 Guds dør er enno open for deg!
Møteserie i Tysse bedehus, 27.10 - 7.11
Red., 12.11.09
Nytt SK22+ 5-6 desember 09SK22+ vert også i år arrangert i Sætervika, 5.-6. november. Konseptet skal overtakast av ImF, dei er sterkt med også iår, sjå difor ImF-Ung si heimeside for meir informasjon og påmelding. Red., 17.10.09 Samnanger misjonsforsamling etablert
Styret 2009: F.v.: Astrid Hitland, Arne Jørgensen, Rune Espelid (form.) Arnfinn Jørgensen, Kari Dyrhovden, Terje Næss. | - Indremisjonen og NLM lokalt har slått seg saman, vil stå sterkare for framtida, og dannar eit heildekkande, bibelsk forsamlingstilbod. - Langvarig prosess over mange år, oppfatta seg som ei forsamling, driven av Indremisjonen og NLM siste 10-15 åra. - Byggjer på at Bibelen er Guds sanne ord som gjev den beste retning, tryggleik og liv, også i vår tid - Vil vera eit tilbod til alle kristne som søkjer ei bibelsk forsamling å tilhøyra. - Vil halda oppe eit kall til alle om å søkja Gud og ta imot hans frelse og gode gåver.
PRESSEMELDING
Samnanger indremisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) lokalt har no gått saman og dannar Samnanger misjonsforsamling. Dette skjedde med eit samrøystes vedtak i ekstraordinært årsmøte i Samnanger indremisjon den 20. september.
Samnanger misjonsforsamling vil vera ei forsamling etter bibelsk mønster. Vi vil byggja vidare på våre åndelege røter, med forkynning til vekking og personleg liv i Gud, og vi vil leggja til grunn eit lågkyrkjeleg embetssyn med det allmenne prestedømmet og dei frie nådegåvene.Samnanger misjonsforsamling er etablert for å samla kreftene, stå tettare saman om indre- og ytremisjonsarbeidet, og med det styrkja lekmannsarbeidet på bedehuset i ei utfordrande tid. Vi vil møta dei unge familiane med eit heildekkande, bibelsk forsamlingstilbod og vera eit tilbod til kristne som søkjer ein bibelsk samanheng å høyra til.
Forsamlinga står innmeldt i Indremisjonssamskipnaden (ImF) og NLM, og medlemmene er stilt fritt med omsyn til juridisk kyrkjemedlemsskap.
Med denne forsamlingsdanninga set vi på nytt fokus på kjernen i bedehusverksemda, vennesamfunnet som må vera drivkrafta i arbeidet, og tilrettelegg for at våre etterkomarar skal få erfara dette. Med bedehusrørsla fekk vi ei kristendomsform som har gjeve landet og folket store velsigningar, og vi har stor tru på at dette, i møte med ein vanskeleg åndssituasjon, er ei kristendomsform som har framtida for seg.
StyretSamnanger misjonsforsamlingRed., 26.09.09 Om Jesus sin dåp - kva den betyr for ossI møtet i føremiddag, tala Kristian Jørgensen over søndagens tekst, Matt. 3, 13-17. Denne omhandlar Jesu dåp då han var 30 år. Kvifor let Jesus seg døypa? Kva skjedde då dette hende - og kva har det å seia for oss idag? Dette var nokre av spørsmåla Kristian gjekk igjennom - heile tala er lagt ut under møteopptak om ikkje lenge. Red., 11.01.09 Ei forsamling etter bibelsk mønster?Finst det eti bibelsk mønster for korleis ei kristen forsamling skal ordnast? Luthersk kyrkjelære seier i utgangspuntet at det IKKJE er eit fast mønster som er pålagt alle utifrå Bibelen. Likevel, for bibellesande kristne er det idag meiningsfullt å tala om eit bibelsk mønster for forsamlinga. Samnanger indremisjon har nettopp uttrykket "Ei forsamling etter bibelsk mønster" som sin visjon. Sjå i menyen for Artiklar til venstre - under Bedehusarbeid og strategi - kva vi legg idette! Red., 11.01.09 Programmet våren 2009Programmet for våren 2009 for Samnanger indremisjon er på plass i kalenderen vår her på web-sida - førebels kun for januar. Heile programmet er tilgjengeleg som eit dokument - det vert lagt ut her så snart vi har overvunne ein teknisk feil. Red., 11.01.09 Det personlege livet med Jesus som telNyttårsfesten, det årleg fellesarrangement mellom bygdene i Fusa og Samnanger,var i år på Tysse bedehus. Etter det folk i salen kunne vita, har denne festen vore ein tradisjon frå rett etter krigen. Truleg var dette ein Fusa-fest i starten, der Samnanger kom med midt på 50-talet. Audun Aase, soknepresten i Samnanger, tala over Jesu ord i Johs. 10,10:: "Eg er komen for at de skal ha liv og ha overflod". Det er dette livet og denne overfloda me må søkja, og det får me når me opnar oss for Jesus og lever nært saman med han. Då ordet vart gjeve fritt hadde mange noko å dela, og heile festen vart ei oppbyggjeleg stund som gav kraft og frimot til kvardagen. Eit av tema som fleire var innom var vårt kall til å gje vidare den gode gåva me har fått. Red., 04.01.09 Jesus er lyset åt verda
SK22+ ein kjempesuksess!
Red., 07.12.08 Framleis plass på SK22+
Traktat for oppkopiering: Sk22+ Red., 21.11.08
Ei veke med mykje flott program - sjå i kalenderen - og kom på bedehuset!Red., 08.11.08 Invitasjon til JulebordOgså i år vert det julebord på Tysse Bedehus, lørdag 29 nov. kl.17.00. Vi håper at nettopp du har lyst å vera med, sjå under Påmeldingar i menyen til venstre, grip telefonen og få deg plass! Red., 08.11.08 Eit arrangement for single kristne over 22 år - NB: Påmeldingsfrist 01. des.
Red., 15.10.08 Velkomen til møteveke med Åge SolsvikOnsdag 5. nov: Likninga om Skatten i åkeren....og meire til Matt 13, 44 - 50 torsdag 6. nov: Likninga om Den barmhjertige samaritan Luk 10, 25 - 37 fredag 7. nov: Likninga om Den heimeverande sonen Luk 15, 25 - 32 lørdag 8. nov: Likninga om Den heimeverande sonen Luk 15, 25 - 32 søndag 9. nov: Ord av Jesus : " Men eitt er nødvendig" Luk 10, 38 - 42 Red., 17.10.08 - Gud leier sitt folk på omvegarsa Audun Hjelvik ( frå Norhordaland indremisjon) i bedehuset fredag. Han heldt to bibeltimar om Guds omsorg for sitt folk og brukte Israels utvandring frå Egypt som førebilete for oss. Gud førde Israel lange omvegar, og sette dei på harde prøvingar. Og Israelsfolket strauk på alle prøvane. Men Gud hadde ein plan. Det var å halda dei audmjuke, så dei hadde bruk for sin Gud, å læra dei å tru på seg, læra dei å tola motstand, og å føra dei inn i det lova landet som sitt eigedomsfolk. - Det er unormalt for ein kristen å ikkje ha det vanskeleg i periodar, sa Hjelvik. Det er gjennom prøvingar og liding at Gud oppdreg sitt folk. Audun Hjelvik hadde to flotte bibeltimar, til stor trøyst og oppmuntring for forsamlinga. Han er ein erfaren forkynnar og har ein varm og nær stil, det er godt å vera tilhøyrar. Audun Hjelvik skal vitja oss tre gonger til før jul, følg med i kalenderen og kom på bibeltimane! Red., 06.09.08 SISTE FRIST: Meld deg på til Helgatun-turen no!Eit veldig bra arrangement, tilpassa alle aldersgrupper, einslege og familiar. Sjekk programmet i menyen til venstre, og meld deg på no! Nær 80 påmeldte til no, men enno plass til fleire. Vi vonar på fullt hus - dette er for god weekend til at plassar står tomme! Red., 06.09.08 Innføringskurs i kristendomskunnskap: start 29. august!"TYGG FRAMTID" heiter kurset - sjå detaljar om kurset under Påmeldingar i menyen til venstre, og tenk over om dette er noko for deg eller dine næraste å vera med på! Red., 22.08.08 Støtt Samnanger indremisjon økonomisk og få skattefrådragSamnanger indremisjon har nå fått på plass ei ordning ,via IMF-systemet, med skattefritak for gåver. Støtt Samnanger indremisjon økonomisk, bli fast givar og meld deg på ordninga ! Sjå Kontaktinformasjon i menyen til venstre. Samnanger godt representert på krinsplanIndremisjonssamskipnaden, ei samanslutning av indremisjonslaga i Sunnhordland, Hardanger og Voss - der Samnanger indremisjon er innmeldt, hadde årsmøte på Framnes i helga. Her vart Ruben Dyrhovden innvalgt som 2. varamann til styret for denne krinsen. Frå før er Gunn Totland Moss fast medlem av styret. Indremisjonssamskipnaden eig og driv fleire stroe institusjonar, dei har opp mot 10 tilsette, med forkynnarar og barne- og ungdomsarbeidarar og dei driv eit omfattande leirarbeid. Bergen krins av Norsk Luthersk Misjonssamband hadde sitt årsmøte for to veker sidan - der var ingen nye representantar frå Samnanger på val, men Magne Hitland er frå før fast medlem i dette styret. Interkulturell kafe - med inntrykk frå PeruLaurdag 14. juni var bedehuset stelt istand til interkulturell kafe. Folk frå svært ulike hjørne av verda hadde med seg mat frå sin heimekultur, så folk kunne forsyna seg frå eit svært rikhaldig bord. Arne og Enma Gjerde fortalde og viste bilete frå Enma sitt heimland Peru. Medlemmer av vår eigen Dyrhovden-familie gledde oss med song og musikk. Praten summa rundt borda og lengda på samkoma skulle tyda på at folk kosa seg. Nokre glimt:
TenKafe /Allidrett avslutta med nattbadïng
Samnange indremisjon vil slå saman NLM og IMFStyret i Samnanger indremisjon har drøfta situasjonen for bedehusarbeidet i Noreg - som vi er ein del av - og meiner at ei samanslåing av dei to store misjonsorganisasjonane Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) og Indremisjonsforbundet (IMF) ville styrkja dei lokale kristenflokkane i landet og gi ein ny giv i arbeidet mange stader. Det ville også frigjera mykje ressursar på det organisatoriske planet til meir evangelisering og strategisk arbeid. Sjå dokument om saka under menyen ARTIKLAR til venstre. Ny norsk ekteskapslov - Guds ekteskapslov står fastIdag vedtok Stortinget ei ny ekteksapslov, der hovudintensjonen er å definera homfilt samliv som like bra som tradisjonelt ekteskapleg samliv. Men Guds lov, definert i Bibelen, kan ikkje forandrast, den seier "Du skal ikkje bryta ekteskapet" (2.Mos. 20, 14) - underforstått: som ei livslang pakt mellom ein mann og ei kvinne. Dermed har Stortinget valt ein annan grunnvoll for framtidig samfunnsbygging enn den kristne, og har med det også sagt nei takk til Guds signing som følgjer hans livslover. Dette er ein sorgens dag - fordi Guds lov er god for folk og land. Fornuftige argument har ikkje nådd fram i debatten, men her er mykje ressursstoff om saka: www.morfarbarn.no. Fagfolk har nemnt at konsekvensane av lova vil slå ut i statistikkane over sosiale og psykiske skadeverknader. Å prioritera kjernefamilien med mor-far-barn og gi denne særrettar i lovverket ville vera å styrkja borna sine oppvekstvilkår, og oppmuntra folket til å føda fleire born. Det er dette som trengst i ei tid då Europa er iferd med å gjera kulturelt og tallmessig sjølvmord - fødselsratene er så låge at samfunnsforskarane snakkar om demografisk krise innan få tiår. Å gje mor-far-ekteskapet ei særstilling i lovverket er ikkje diskriminering av homofile, men ei positiv særbehandling av ein samfunnsbyggjande institusjon. Vårt oppdrag som kristne er å halda fram Guds ord til folk og land. Og i denne saka er Bibelen svært klar: "Og Gud skapte mennesket i sitt bilete. Til mann og kvinne skapte han det. Og han velsigna dei og sa til dei: Ver fruktbare og vert mange. Fyll jorda og legg henne under dykk" 1. Mos, 1, 27-28. "Eller veit de ikkje at dei som gjer urett ikkje skal erva Guds rike? Far ikkje vilt! Korkje horkarar eller avgudsdyrkarar eller ekteskapsbrytarar eller dei som let seg bruka til unaturleg utukt, eller menn som driv utukt med menn... skal erva Guds rike". 1. Kor. 6,9-10. "Lat alle halda ekteskapet i ære, og hald ektesenga usmitta! For Gud skal døma dei som driv hor og bryt ekteskapet" Hebr. 13,4. Kvart menneske står fritt til å velja sin eigen livsveg, Guds ord peikar på vegen til det gode livet! Søndagstur til Bømlo
Eit søndagsmøte: Om alle som veit også hadde trudd !Møtet opna med songen der det heiter: "Eg står og ser på ei nagla hand... Ho opna veg til eit fridoms land, Der straumar av vårliv vell". Og i denne tonen fortsette møtet, med undring over kva Jesus har ofra for oss menneske, og kva rikdom ein kristen har fått del i. Jesu etterfølgjarar er eit priviligert folk som har fått del i eit evig kongerike. Dei er eit heilagt folk - fordi dei har fått del i Guds heilagdom, av nåde, og har fått eit heilagt kall til å fremja Guds rike og hans kjærleik. Mange i vår bygd og i vårt land veit mykje om Jesus. Om alle desse også hadde trudd på Jesus -som Guds utsending og vegen til livet, ville flokken av frelste bli stor. Men dei vil ikkje tru på han. Vantru er å ikkje vilja tru, ei haldning som Gud fordømer. Vantrua leier i fortapinga. Talaren, Erleiv Matre, henta teksten sin frå 1. Peters brev, 2,7-12. Nypussa lysekrune!
|
|||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
| 17.mai-festen i Sætervika vart også i år eit flott arrangement. Om denne festen vert oppdaga av fleire samningar, vil fort salane bli så altfor små - der er jo tilnærma fullt hus alt no med den 'faste kjernen' av folk. Her var mat for sjela, mat for lekamen, og ein sterk bodskap frå Gud til det norske folk om å lytta til hans ord, til det han har å seia til land og folk. Som norske borgarar har me motteke ein arv, ein nasjonal, kulturell og åndeleg arv som har si rot og kraft i kristen gudstru. No er vårt folk i ferd med å hogga av røtene til denne kraftkjelda. Difor lyder det eit varsku frå Gud i Himmelen til det norske folk: "Land, land, land høyr Herrens ord!". - Me må søkja kraft i forsoninga med Jesus Kristus og lata han bli herre i liv og lære! formana kveldens talar, Kristian Jørgensen. Kvelden baud også på trivelege innslag for store og små. Frisk, irsk folkemusikk, framført av Joel Dyrhovden, Ruben Dyrhovden og Sigmund Lindquist var absolutt eit av høgdepunkta. | ![]() |
- Den heilage ande er ei gåve til kvar einsikld som tek imot frelsa, var den sentrale bodskapen til Kåre Johan Hamre i møtet på første pinsedag, på Tysse. Dette er ei utruleg god gåve, som gjev oss samfunn med Gud, trøyst i kvardagen, håp, glede, og rettleiing i livet. Anden er ikkje ei påskjønning for god innsats, eller reservert for lang og tru teneste. Nei, Anden tek bustad i hjarta til kvart menneske i den augneblinken ein tek imot frelsa i Jesus Kristus.
![]() | Misjonærparet Turid og Janesh Amenya, NLM, vitja bedehuset 1. mai. Dei fortalde om det vanskeleg arbeidet dei hadde drive. Dei ville ikkje at noko av den informasjonen skulle koma på trykk, så det let vi vera. I andakten sin viste Turid til kva som gav Jesus styrke i lidingane han måtte igjennom, det var gleda som venta han, gleda over fruktene av tenesta si. Når me driv misjon, heime og ute, er me med på å oppfylla denne gleda for Jesus, og me sjølve får del i same gleda. Misjonssambandsforeiningane i bygda (kalla "Haustsol" og "Vårsol" !) har arrangert denne festen i mange år, alltid på Kristi himmelfartsdag. I år deltok eit familiekor frå Norheimsund, og dei omlag 80 frammøtte gav tilsaman rundt kr. 6500 til misjonsarbeidet denne kvelden. | ![]() |
Barnekoret er med på mange arrangement i løpet av eit halvår, så ikkje alle maktar å delta på alt. Ein fin flokk var likevel med på familiemøtet på Tysse sist søndag. Barnekoret gjer tilhøyrarane glade. Det er ikkje berre dei gode songane, men mest borna si utstråling og friske og glade framføring som grip ein. (Sjå meir om Barnekoret i menyen til venstre - kanskje du kjenner nokon som kunne ha lyst å vera med ?) Søndag var det ein verdsvid bøneaksjon for dei forfølgde i Nord-Korea (sjå meir her). I møtet vart me minna om deira situasjon og var med og ba for dei. Kvar familie hadde litt kaffimat med, og møtet avslutta med ei triveleg hyggjestund rundt borda. | ![]() |
- Me syng når me er glade, og ein kristen kan syngja gladsongar også om dagane ikkje er gode, for den store gåva me har fått hos Jesus er der heile tida. Slik innleia Kari Dyrhovden song- og musikkmøtet i Tysse bedehus, søndag 20. april. Ekteparet Børsheim frå Strandebarm vitja oss og deltok med vakker og varm duettsong, i tillegg deltok lokale krefter. I andakten heldt Hans-Arne Børsheim fram ein bibeltekst (Matt. 18, 21-35) om tilgjeving. Han la inn over forsamlinga at den som har fått tilgjeving for si synd - ei uendeleg stor gåve frå Gud - skal tilgje nesten sin når han bed om tilgjeving. Det vår neste kan ha gjort imot oss, vil alltid vera lite i forhold til det ein kristen har fått tilgjeving for hos Gud. Å tilgje av hjarta er å opptre som om uretten ikkje var gjort. Å tilgje er å leggja for dagen ekte integritet.
![]() | ![]() | ![]() | ![]() |
| Otto Odland fanga inn mellom plakatane: Bilete 2 Redaktøren i Norge i Dag var på plass: Bilete 3 Gatemusikanten song og heia med for ekteskapet!: Bilete 4 Marsjen oppsamla på Youngstorget : Bilete 5 KRF-representant, komite-leiar på Stortinget heldt appell: Bilete 6 | AP-bygningen bringa ein trist dobbel-bodskap: Bilete 7 Biskop Per Lønning heldt appell: Bilete 8 Fleire kjendisar: Bilete 9 Blitz-ungdomen forsvarte regjeringa mot folket: Bilete 10 Fire Samningar: Bilete 11
|
![]() | Karl Johan var fylt av folk som kom frå heile landet for å markera støtte til det tradisjonell ekteskapet. Fleire samningar deltok også. På biletet ser du i framgrunnen Eva Hellevang, Marit Espelid og Gunn Totland Moss Regjeringa har føreslege ei ny kjønnsnøytral ekteskapslov. Dette strir mot biologien, mot borna sine behov, mot samfunnet sine behov. Det strir mot all forståing av ekteskapet i alle kulturar til alle tider. Lova vil skapa ein permanent konflikt mellom staten og alle religiøse grupper i landet. Mange gode appellar og taler vart framførte. Ein liten motdemonstrasjon var knapt merkbar. Sjå meir om saka på: http://www.jatilekteskapet.no/ http://www.bevarekteskapet.no/
|
- Ekteskapet mellom mann og kvinne er ein institusjon innsett av Gud frå skapinga av. Dette sa Kritian Jørgensen i tala si i Nesodden bedehus på søndag (30.03.08). Ekteskapet er ei ramme for den største lukke menneske kan oppnå, ei gudgjeven ordning for kjærleik, tryggleik og oppseding av nye generasjonar. Temaet for møtet var Ekteskap og samliv. Han viste også utifrå Bibelen at sambuarskap er synd - det bryt med ekteskapet og Guds gode vilje. Sjå notatet: Bibelen om ekteskapet
Basar er populært! Den tradisjonsrike bedehusbasaren som alltid har vore like før påske, samla også i år mykje folk. Då trekningane var over, hadde nok det overfløymande gevinstbordet fordelt seg med minst eit par gevinstar til kvar. Og var det nokon under 15 år som ikkje hadde hatt lukka med seg, fekk dei alle ein trøystegevinst til slutt! Gratis kaffi og kaker gjorde kvelden til ei triveleg sosial samling av folk i alle aldrar.
Resultat hovudtrekninga:
| | | |
Samnanger Indremisjon arrangerer to gonger i året Internasjonal kafe i Tysse bedehus. Det er ei sosial samkome der me får høve til å verta betre kjende med både naboen og andre i det fleirkulturelle Samnanger. Alle tek med litt mat frå sitt eige land, så lagar me "koldtbord". Programmet og tonen er uformell. Ynskje er ei betre integrering av tilflyttarar til Samnanger og at nokon og kan finna bedehuset som ein naturleg møteplass. Bileta er frå arrangementet hausten 2007, neste Internasjonale kafe vert i mai 2008.
Styret har vedteke at det skal gjevast konfirmasjonsundervisning vinteren 2008/2009 med konfirmasjon på bedehuset i mai 2009. Ungdom som ønskjer å velja dette alternativet kan søkja indremisjonen om opptak.
Samnanger indremisjon har gjennomført konfirmasjon to gonger tidlegare.
Dette hevda Per Bråten, som i eit dobbeltforedrag gjekk i gjennom dei bibelske profetiane om Jesus si atterkome til jord. Organisasjonen Ordet og Israel stod som arrangør for møtet, fredag 29. februar, og i pausen fekk vi ei flott og 'praktisk' innføring i eit jødisk sabbatsmåltid. Jesus var jøde, og hans atterkome er nært knytta til Israel.
- Når Jesus kjem tilbake til jord, fortel Bibelen om ei rekkje hendingar som vil inntreffa. Dette føregår i løpet av ein tidsperiode og skjer i fleire trinn eller fasar. Først vert dei kristne rykte bort frå jorda. Dei vert tekne opp til møte med Jesus. Dette er vert kalla 'bortrykkinga av Guds forsamling på jord', og det skjer i ein augneblink som ei global hending, "Den natta skal to vera i ei seng. Den eine vert teken med, den andre vert sett att. To kvinner skal mala på same kvern. Den eine vert teken med, men den andre vert sett att." som Jesus seier i Luk 17, 34-35. Dette vil verta det mest dramatiske som til då har råka menneskeslekta. Heile nytestamentet ropar fram eit samstemt kall til alle menneske om å vera førebudde til denne hendinga. Vær vaken og ventande!
- Den andre fasen i Jesu atterkome vert innleia med at Jesus fysisk stig ned på Oljeberget utanfor Jerusalem. Då kjem han i makt og stor herlegdom for å ta eit oppgjer med nasjonane for deira urettferd og svik mot det jødiske folket og landet deira, Israel. Dette skjer i eit stort militært oppgjer i Midtausten. Jesus skal då visa seg som konge og fredsfyrste, rydja bort urettferd og skapa fred og tryggleik for alle folk. Mellom første og andre fase i Jeus gjenkomst ligg tidsepoken kalla "Den store trengsla".
- Alt dette som skjer vert historiske hendingar her på denne vår jord - Jesus kjem ikkje for å oppheva tida og innføra eit åndeleg, ikkje-fysisk tilvære.
Høyr Bråten sine bibeltimar om desse tinga - opptak ligg under menyen Møteopptak
Årsmøtet for 2007 vart avvikla søndag 17.februar. Omlag 30 engasjerte frammøtte gav styret god støtte og takk for arbeidet som har vore drive. Årsmeldinga synte elles at eit imponerande arbeid vert lagt ned av medlemmene i løpet av eit arbeidsår, opp imot 150 samankomstar har vorte arrangerte. Rune Espelid vart attvald til styret, Astrid Hitland kom inn i byte for Gunn Totland Moss som sa frå seg attval.
- Forfølgjing skjer hovudsakleg i kommunistiske og muslimske land, seier Svein Ludvigsen, styrerepresentant i Norsk Misjon i Øst. Fredag 8.feb vitja han Tysse bedehus og snakka om forfølgjing av kristne idag. Dei fem landa som toppar statistikken er i rekkefølgje Nord-Korea, Saudi-Arabia, Iran, Somalia og Maldivene. - Ikkje mange er klar over denne situasjonen fordi det kjem så lite fram i media om dette. Men det er faktisk rundt 200.000 som idag sit i fangenskap for si overtyding berre i Nord-Korea, og ein trur det kan vera rundt 150.000 som kvart år må bøta med livet for si tru på verdsbasis. - Ei sak frå Noreg kom fram i Aftenposten for ei tid sidan. Ein konvertitt vart sendt tilbake til Iran. Der vart han straks fengsla, avslørt av eit spionbilete frå dåpen i Filadelfia i Oslo. - Det nyttar å hjelpa, seier Ludvigsen, og viser mellom anna til resultata apell-tenesta gir. Dette er noko alle kan vea med på. Sjå link til Norsk Misjon i Øst nedanfor. Sjå meir info frå foredraget her Meir info: Norsk Misjon i Øst | ![]() |
Programmet for våren 2008 er nå ferdig og delt ut til alle medlemmer. Det inneheld ei omfattande liste av aktivitetar.
Programmet er enno ikkje lagt inn i kalenderen på denne heimesida. Men alt ligg her i dette dokumentet: OVERSIKT VÅREN 08
Svært mange hadde funne vegen til den tradisjonelle juefeste på bedehuset 4. juledag. Dei fekk med seg eit flott program, med innslag av unge og eldre, og tale av Kristian Jørgensen. Festmat og juletregong høyrde med.
Samnanger indremisjon drar på weekend til Helgatun i Myrkdalen, Voss, kvar haust.
I fjor var vi 70 deltakarar, men det er framleis under grensa for kva dei kan ta imot.
Meld deg difor på i god tid til neste tur: 12. - 14. september 2008.
To born vart døypte i Tysse bedehus hausten 2007. Det er første gongen dette skjer i regi av Samnanger indremisjon, og også første gongen det skjer offisielt i ei foreining i
Indremisjonssamskipnaden. Dei døypte var Thea-Sofie Jørgensen og Kristoffer Hitland.
Det er over 10 år sidan Samnanger indremisjon i styre og årsmøte tok stilling til korelis ein skulle stilla seg om nokon ønskte dåp i bedehuset, og har sidan stått samla bak ei haldning om å vera viljuge til å ta på seg eit slikt ansvar. Vi gjer dette på basis av tradisjonelt lekmannssyn, som hevdar at dåpen er fri til bruk i den kristne forsamlinga, på linje med forkynninga og nattverden. Mange foreldre vil synast det er mest naturleg å døypa borna sine i den forsamlinga der dei har sin åndelege heim.