Samnanger misjonsforsamling arrow For deg
PÅMELDINGAR
Helgatun 10 - 12 sept 2010
HOVEDMENY
Samnanger misjonsforsamling
Bedehusa
Aktivitetar og møte
   - Barnekoret
   - TenKafe / All-idrett
   - Føremiddagstreff
   - Bibelgruppe
   - Søndagsskulen
Om oss
Kontaktinformasjon
Send epost
Linkar
For Deg
For deg
Korleis bli kristen
Møteopptak
Treng forbøn/hjelp
Kalender
« < September 2010 > »
S M T O T F L
29 30 31 1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 1 2
LOGG INN
For medlemmer
Artiklar
Bedehusarbeid og strategi
Tema i bibelsk lys
Utskrift E-post

 

 

FOR DEG

 

 

 

Alle er vi heldige iblant og mottek ei uventa gåve, eit vennleg smil, ei ufortent velgjerning. Folk som er glade i oss kan finna på slikt – det kan vera stort eller lite, uansett, det er godt å vera mottakar og merka kjærleik. Ja, vi tyrstar  alle etter ekte kjærleik, det varmar så godt innvendig når vi møter den, kjenner at nokon er reelt glade i oss.

 

”For deg” i logoen vår  skal fortelja at Gud elskar deg. Det som skjedde på krossen er ei kjærleiksgåve frå Gud til deg. Gåva gjeld heile menneskeslekta, ja, men den er samstundes slik innretta at heile innhaldet er rekt fram til kvar einskild person, også til deg.

 

På krossen leid Jesus dødsstraff for om lag 2000 år sidan, sjølv om han var totalt uskuldig.  Han, Guds son, levde eit liv her på jord fullstendig ulastande. Jesu  liv er vorte eit lysande førebilete i nestekjærleik og rettferd for all ettertid som ingen kan måla seg med. 

 

Det dei ikkje forstod, dei som krossfeste Jesus, var at det var Gud som let dette skje for å ofra sin eigen son til soning for all verda si synd.  Det er  hovudbodskapen i Bibelen.  Gud elska verda så høgt at han gav sin eigen son.  Jesus elska  så høgt at han var villig til å ofra seg sjølv.

 

Problemet for Gud og for oss var og er mennesket sin falne natur. Vi vil ikkje gjera Guds vilje, og vi klarer det heller ikkje. Guds krav til oss i dei 10 boda har Jesus oppsummert:   å elska Herren Gud over alle ting, og nesten vår som oss sjølv. Med desse krava har vi alle problem. Etter Guds heilage lov er vi lovbrytarar og skuldige. Og som ansvarlege menneske må vi bera konsekvensen av det. Vi er åndeleg døde, er utestengde frå Guds rike og samfunnet med han, skaparen vår, og vi er på veg mot evig fortaping. Dette er ein fortvila tilstand som ingen kjem seg utav med menneskekraft.

 

Då Jesus vart fødd, viste ein stor hær av englar seg, og dei fortalde og song om ei stor glede for alt folket og at det var fødd ein frelsar. Gud  såg vår naud, og i sin kjærleik sende han oss ein bergingsmann som kunne frelsa oss frå syndene våre!

 

Jesus vart ein slik bergingsmann for oss då han bar syndene våre like opp på krossen,  og der møtte Gud til doms for all menneskeleg svik og svikt og tok på seg Guds straff for dette.

Kvar ugjenrning, kvart unyttig ord og dårlege motiv, kvar ugjort god gjerning var med i det oppgjeret. Alt saman vart Jesus straffa for.

 

Det livet Jesus levde på jord, det levde han for deg, og på krossen leid han Guds straff  for deg. Det er den stor gåva som står der, rekt fram i kjærleik. 

 

Det er så lite som skal til for at dette vert ditt! 

 
Sist oppdatert ( Thursday 28. February 2008 )