Samnanger misjonsforsamling arrow Korleis bli kristen
PÅMELDINGAR
Helgatun 10 - 12 sept 2010
HOVEDMENY
Samnanger misjonsforsamling
Bedehusa
Aktivitetar og møte
   - Barnekoret
   - TenKafe / All-idrett
   - Føremiddagstreff
   - Bibelgruppe
   - Søndagsskulen
Om oss
Kontaktinformasjon
Send epost
Linkar
For Deg
For deg
Korleis bli kristen
Møteopptak
Treng forbøn/hjelp
Kalender
« < September 2010 > »
S M T O T F L
29 30 31 1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 1 2
LOGG INN
For medlemmer
Artiklar
Bedehusarbeid og strategi
Tema i bibelsk lys
Korleis bli kristen Utskrift E-post

Kven er kristen

 

Å vera ein kristen er eit spørsmål om kva tilstand ein person er registrert med i Guds 'rekneskapsbok'. Bibelen talar mange stader om å ha sitt namn oppskrive i "livsens bok" (f.eks. Johs Opb. 20,13 - 15). 

 

Kven som er kristne er difor eit spørsmål som Gud åleine avgjer og held oversikt på. Der er ingen ytre kjenneteikn, observerbare for menneske, som skil ein kristen frå ein ikkje-kristen. Ein fin livsstil, eit liv i oppofring for andre menneske, gjev ikkje billett til Guds rike.

 

Å vera ein kristen er å ha møtt Gud til oppgjer for sitt liv og blitt erklært rettferdig av Han. 

 

 

Kven kan bli kristen

 

  • Mange meiner at kristendom ikkje er noko som passar for seg. Den er for spesielt interesserte,  for folk som har legning for religion. Dette er feil. Alle menneske har eit behov for kontakt med Gud og vil oppleva det å verta kristen som ei personleg vinning, som ei frigjering. Ingen er meir ekte seg sjølv enn den som eig fred med Gud. Ref. Jesus som i Bibelen også er kalla menneskesonen.

 

  • Svært mange trur at dei ikkje kan bli kristne fordi dei ikkje kjenner noko kall ifrå Gud til å bli det. Bibelen seier noko anna: ”Gud ... som vil vil at alle menneske skal verta frelst og kjenna sanning...” (1. Tim, 2.14).”Gud  byd no at alle menneske, kvar dei så er, skal venda om" (Ap.gj. 17,30).  Dette betyr: det er eit ståande, objektivt kall frå Gud til alle menneske om å verta kristne. Manglande indre kjensler endrar ikkje på dette faktum.

 

  • Nokre meiner at dei er for dårlege menneske til å verta kristen. Ein har falle i ei så stor synd, eller er så syndig i tankar og gjerning at det ikkje kan tilgjevast. Men dette er også feil.  Jesus  vart kalla syndarars ven. Han har gjort soning for ALL synd. Og Paulus tek til motmæle nettop imot denne haldninga når han seier: "Kristus Jesus kom til verda for å frelsa syndarar, og mellom dei er eg den største." (1. Tim. 1,15).  (Sjå også FOR DEG i menyen til venstre).

 

Ein lang prosess?

 

Det kan vera lett å tenkja at å verta kristen er ein vanskeleg prosess som kan ta lang tid – det er ein personleg endringsprosess for å bli omdanna til eit bra kristent menneske. Nei, å verta kristen er som vi har sagt, noko som Gud tek avgjerd om når vi kjem til han. Han tildeler oss si eiga rettferdsgåve, og skriv navnet vårt i livsens bok. Det skjer i ein augneblink. Det er ikkje noko som skal ordnast på vår side, anna enn på koma til han. 

 

 

Korleis bli kristen

 

Du må starte med å erkjenna det som Bibelen seier er ditt problem, sjå f.eks. Rom 3,23: "Alle har synda og står utan ære for Gud" og "Men misgjerningane dykkar er det som skil mellom dykk og dykkar Gud, og syndene dykkar har løynt åsynet hans for dykk" (Jes. 59,2). Dette kan vera ei tung erkjenning, for andre er det enkelt - men vegen til Gud startar her for alle menneske.

 

  • Dinest er det godt å vere klar over at Gud elskar deg og vil at du skal koma i eit nært samfunn med han til evig tid.  "For så har Gud elska verda at han gav sonen sin, den einborne, så kvar den som trur på han ikkje skal verta fortapt, men ha evig liv" (Johs, 3,16). "Eg her komen for at de skal ha liv og overflod" (Johs. 10,10).

 

  • Dette livet får du del i ved å søkje Guds eiga løysing på ditt problem, ta imot Jesus og hans soning for di synd. (Sjå FOR DEG i menyen til venstre). "Men alle dei som tok imot han, dei gav han rett til å verta Guds born, dei som trur på namnet hans" ( Johs. 1,12).  Då får du tildelt Jesus si rettferd: "Alle har synda og står utan ære for Gud. Og dei vert rettferdiggorde ufortent av hans nåde ved utløysinga i Kristus Jesus" (Rom 3, 23-24)

 

  • Du kan ta imot Jesus i tru, ved å venda deg til han i bøn og be om forsoning med Gud. I bøna talar du til Jesus sannferdig om det som ligg deg på hjarta. Den kan vera så enkel: ”Kjære Jesus, eg er ein syndar og treng hjelp. Eg takkar deg for at du har gjeve ditt liv for å frelsa meg. No kjem eg til deg og ber om frelse. Eg vil vera din, og følgja deg.”

 

  • Jesus svarar på ei slik bøn, ved å koma inn i ditt liv. Han seier: "Sjå, eg står for døra og bankar. Om nokon høyrer mi røyst og opnar døra, vil eg gå inn til han og halda nattverd med han og han med meg" (Johs.opb. 3,20)

 

 

Så vil vi sterkt oppfordre den som slik kjem til Jesus om å slutta seg til ei kristen forsamling, og søkje samfunn med Gud gjennom regelmessig bøn og bibellesing. ”Menneske lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som kjem frå Guds munn”, sa Jesus (Matt. 4,4).

 

Sjølv om vegen til Gud ikkje stiller krav til eigen innsats, kan det vera mykje som er vanskeleg å forstå. Søk difor hjelp hjå erfarne kristne som kan hjelpa deg å finna fram til Guds svar (i Bibelen) på dine innvendingar og problem.

 

 

Sist oppdatert ( Thursday 28. February 2008 )