|
Side 7 av 8 Misjonsfesten gav kr. 6500  | Misjonærparet Turid og Janesh Amenya, NLM, vitja bedehuset 1. mai. Dei fortalde om det vanskeleg arbeidet dei hadde drive. Dei ville ikkje at noko av den informasjonen skulle koma på trykk, så det let vi vera. I andakten sin viste Turid til kva som gav Jesus styrke i lidingane han måtte igjennom, det var gleda som venta han, gleda over fruktene av tenesta si. Når me driv misjon, heime og ute, er me med på å oppfylla denne gleda for Jesus, og me sjølve får del i same gleda. Misjonssambandsforeiningane i bygda (kalla "Haustsol" og "Vårsol" !) har arrangert denne festen i mange år, alltid på Kristi himmelfartsdag. I år deltok eit familiekor frå Norheimsund, og dei omlag 80 frammøtte gav tilsaman rundt kr. 6500 til misjonsarbeidet denne kvelden. | |  |
Familiemøte med flott barnesong
Barnekoret er med på mange arrangement i løpet av eit halvår, så ikkje alle maktar å delta på alt. Ein fin flokk var likevel med på familiemøtet på Tysse sist søndag. Barnekoret gjer tilhøyrarane glade. Det er ikkje berre dei gode songane, men mest borna si utstråling og friske og glade framføring som grip ein. (Sjå meir om Barnekoret i menyen til venstre - kanskje du kjenner nokon som kunne ha lyst å vera med ?) Søndag var det ein verdsvid bøneaksjon for dei forfølgde i Nord-Korea (sjå meir her). I møtet vart me minna om deira situasjon og var med og ba for dei. Kvar familie hadde litt kaffimat med, og møtet avslutta med ei triveleg hyggjestund rundt borda. | |  |
Song og musikk som takk og lovprising til Jesus
- Me syng når me er glade, og ein kristen kan syngja gladsongar også om dagane ikkje er gode, for den store gåva me har fått hos Jesus er der heile tida. Slik innleia Kari Dyrhovden song- og musikkmøtet i Tysse bedehus, søndag 20. april. Ekteparet Børsheim frå Strandebarm vitja oss og deltok med vakker og varm duettsong, i tillegg deltok lokale krefter. I andakten heldt Hans-Arne Børsheim fram ein bibeltekst (Matt. 18, 21-35) om tilgjeving. Han la inn over forsamlinga at den som har fått tilgjeving for si synd - ei uendeleg stor gåve frå Gud - skal tilgje nesten sin når han bed om tilgjeving. Det vår neste kan ha gjort imot oss, vil alltid vera lite i forhold til det ein kristen har fått tilgjeving for hos Gud. Å tilgje av hjarta er å opptre som om uretten ikkje var gjort. Å tilgje er å leggja for dagen ekte integritet. Biletserie frå Ekteskapsmarsjen, fotograf: Brynjulv Hernes
Flott og stor marsj for ekteskapet i Oslo!  | Karl Johan var fylt av folk som kom frå heile landet for å markera støtte til det tradisjonell ekteskapet. Fleire samningar deltok også. På biletet ser du i framgrunnen Eva Hellevang, Marit Espelid og Gunn Totland Moss Regjeringa har føreslege ei ny kjønnsnøytral ekteskapslov. Dette strir mot biologien, mot borna sine behov, mot samfunnet sine behov. Det strir mot all forståing av ekteskapet i alle kulturar til alle tider. Lova vil skapa ein permanent konflikt mellom staten og alle religiøse grupper i landet. Mange gode appellar og taler vart framførte. Ein liten motdemonstrasjon var knapt merkbar. Sjå meir om saka på: http://www.jatilekteskapet.no/ http://www.morfarbarn.no/ http://www.bevarekteskapet.no/ |
Ekteskapet er uerstatteleg - Ekteskapet mellom mann og kvinne er ein institusjon innsett av Gud frå skapinga av. Dette sa Kritian Jørgensen i tala si i Nesodden bedehus på søndag (30.03.08). Ekteskapet er ei ramme for den største lukke menneske kan oppnå, ei gudgjeven ordning for kjærleik, tryggleik og oppseding av nye generasjonar. Temaet for møtet var Ekteskap og samliv. Han viste også utifrå Bibelen at sambuarskap er synd - det bryt med ekteskapet og Guds gode vilje. Sjå notatet: Bibelen om ekteskapet
Basaren på Nesodden samla fullt hus!Basar er populært! Den tradisjonsrike bedehusbasaren som alltid har vore like før påske, samla også i år mykje folk. Då trekningane var over, hadde nok det overfløymande gevinstbordet fordelt seg med minst eit par gevinstar til kvar. Og var det nokon under 15 år som ikkje hadde hatt lukka med seg, fekk dei alle ein trøystegevinst til slutt! Gratis kaffi og kaker gjorde kvelden til ei triveleg sosial samling av folk i alle aldrar. Resultat hovudtrekninga: - Hardangerbestikk: Per Arne Totland.
- Duk i Lappeteknikk: Thea-Sofie Jørgensen.
- Gavekort kr. 1000,- frå Clas Ohlson: Andreas Jørgensen Dyrøy.
- Stor lysestake: Tunette og Tor Åge Vareberg.
- Dokke m/Klær: Norunn Alise Kleivane.
- Ullpledd: Kenneth Totland.
- Dobbelt sengesett: Marit og Ragnar Brigtsen.
- Vannkoker: Rolf Arefjord.
- Spel: Karin Reigstad.
- Gavekort kr. 200,- frå Jysk: Hjørdis Tysse.
- Fotball: Fam. Ståle Jørgensen.
- Stavmikser: Fam. Karl Ervik.
- Syskrin: Janne Nordnes.
- Koppeset til 6 pers: Aud Reigstad.
- Duk: Norunn Alise Kleivane.
- Glass-skåler: Margit Sveva.
|