Samnanger misjonsforsamling
PÅMELDINGAR
Helgatun 10 - 12 sept 2010
HOVEDMENY
Samnanger misjonsforsamling
Bedehusa
Aktivitetar og møte
   - Barnekoret
   - TenKafe / All-idrett
   - Føremiddagstreff
   - Bibelgruppe
   - Søndagsskulen
Om oss
Kontaktinformasjon
Send epost
Linkar
For Deg
For deg
Korleis bli kristen
Møteopptak
Treng forbøn/hjelp
Kalender
« < September 2010 > »
S M T O T F L
29 30 31 1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 1 2
LOGG INN
For medlemmer
Artiklar
Bedehusarbeid og strategi
Tema i bibelsk lys
Utskrift E-post
Søndagstur til Bømlo 

Steinkrossen på Moster

 

      

Langs Vestlandskysten er der rundt 60 steinkrossar frå kristningstida av Noreg. Dei daterer seg difor frå tidlegast år 750 til 1000-talet. 

Ein fyldig artikkel om steinkrossane finn du her 

Krossen til venstre vart reist i 1924 på Moster til 900-års jubileet for innføringa av kristenretten i Noreg i 1024 av Kong Olav den Heilage og biskop Grimkjell

Her vart mellom anna den heidenske skikken med å setje nyfødde born ut i skogen for å døy avskaffa. Brot på denne lova hadde strenge straffer - og å ta livet av born og foster har seinare vore totalt ulovleg like til 1978 då Abortlova kom og regulerte ein rett til å drepa foster i mors mage.

       

Vikingsodd  

Vikingsodd i Moster Amfi smakar etter ein vandringstur rundt dei historiske stadane på Moster.

Sjå Moster kyrkje


Eit søndagsmøte: Om alle som veit også hadde trudd !

Møtet opna med songen der det heiter: "Eg står og ser på ei nagla hand... Ho opna veg til eit fridoms land, Der straumar av vårliv vell". Og i denne tonen fortsette møtet, med undring over kva Jesus har ofra for oss menneske, og kva rikdom ein kristen har fått del i.  Jesu etterfølgjarar er eit priviligert folk som har fått del i eit evig kongerike. Dei er eit heilagt folk - fordi dei har fått del i Guds heilagdom, av nåde,  og har fått eit heilagt kall til å fremja Guds rike og hans kjærleik.

Mange i vår bygd og i vårt land veit mykje om Jesus. Om alle desse også hadde trudd på Jesus -som Guds utsending og vegen til livet, ville flokken av frelste bli stor. Men dei vil ikkje tru på han. Vantru er å ikkje vilja tru, ei haldning som Gud fordømer. Vantrua leier i fortapinga.

Talaren, Erleiv Matre, henta teksten sin frå 1. Peters brev, 2,7-12.  


Nypussa lysekrune!

 Lysekruna i Tysse bedehus

Samnanger indremisjon eig to bedehus. Og mottoet vårt for desse husa er at dei skal halda same standard som våre eigne heimar. Kanskje det manglar litt på at det er tilfelle, men likevel er me i all hovudsak stolte over bedehusa våre. Storesalen i Tysse bedehus er vel den flottaste festsalen i bygda. To slike hus stiller krav til vedlikehald, ikkje lite arbeid! Ein ekstra dugnadsdag kvar vår gjer susen - særleg når det som i år møter fram 15 friske personar i sin beste alder, nevenyttige og "dugande til all god gjerning", som det heiter i skrifta.

Lysekruna i bedehuset på Tysse (biletet) fekk ein ny glans. Lysekruna frå rundt 1920-talet, er omlag 2 m i diameter og har to kransar av lys. Det finst ei tilsvarande lysekrune på Stortinget, men elles er opphavet til denne flotte antikviteten ukjent.


17.mai-fest med kall frå Gud

 

17.mai-festen i Sætervika vart også i år eit flott arrangement. Om denne festen vert oppdaga av fleire samningar, vil fort salane bli så altfor små - der er jo tilnærma fullt hus alt no med den 'faste kjernen' av folk. 

Her var mat for sjela, mat for lekamen, og ein sterk bodskap frå Gud til det norske folk om å lytta til hans ord, til det han har å seia til land og folk. Som norske borgarar har me motteke ein arv, ein nasjonal, kulturell og åndeleg arv som har si rot og kraft i kristen gudstru. No er vårt folk i ferd med å hogga av røtene til denne kraftkjelda. Difor lyder det eit varsku frå Gud i Himmelen til det norske folk: "Land, land, land høyr Herrens ord!". - Me må søkja kraft i forsoninga med Jesus Kristus og lata han bli herre i liv og lære! formana kveldens talar, Kristian Jørgensen.

Kvelden baud også på trivelege innslag for store og små. Frisk, irsk folkemusikk, framført av Joel Dyrhovden, Ruben Dyrhovden og Sigmund Lindquist var absolutt eit av høgdepunkta.

 Kristian Jørgensen


Guds ande i gåve!

- Den heilage ande er ei gåve til kvar einsikld som tek imot frelsa, var den sentrale bodskapen til Kåre Johan Hamre i møtet på første pinsedag, på Tysse. Dette er ei utruleg god gåve, som gjev oss samfunn med Gud, trøyst i kvardagen, håp, glede, og rettleiing i livet. Anden er ikkje ei påskjønning for god innsats, eller reservert for lang og tru teneste. Nei, Anden tek bustad i hjarta til kvart menneske i den augneblinken ein tek imot frelsa i Jesus Kristus.