Samnanger misjonsforsamling
PÅMELDINGAR
Helgatun 10 - 12 sept 2010
HOVEDMENY
Samnanger misjonsforsamling
Bedehusa
Aktivitetar og møte
   - Barnekoret
   - TenKafe / All-idrett
   - Føremiddagstreff
   - Bibelgruppe
   - Søndagsskulen
Om oss
Kontaktinformasjon
Send epost
Linkar
For Deg
For deg
Korleis bli kristen
Møteopptak
Treng forbøn/hjelp
Kalender
« < September 2010 > »
S M T O T F L
29 30 31 1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 1 2
LOGG INN
For medlemmer
Artiklar
Bedehusarbeid og strategi
Tema i bibelsk lys
Utskrift E-post

SISTE FRIST: Meld deg på til Helgatun-turen no!

Eit veldig bra arrangement, tilpassa alle aldersgrupper, einslege og familiar. Sjekk programmet i menyen til venstre, og meld deg på no!  Nær 80 påmeldte til no, men enno plass til fleire. Vi vonar på fullt hus - dette er for god weekend til at plassar står tomme!

Red., 06.09.08


Innføringskurs i kristendomskunnskap: start 29. august!

"TYGG FRAMTID" heiter kurset - sjå detaljar om kurset under Påmeldingar i menyen til venstre, og tenk over om dette er noko for deg eller dine næraste å vera med på!

Red., 22.08.08


Støtt Samnanger indremisjon økonomisk og få skattefrådrag

Samnanger indremisjon har nå fått på plass ei ordning ,via IMF-systemet, med skattefritak for gåver. Støtt Samnanger indremisjon økonomisk, bli fast givar og meld deg på ordninga !  Sjå Kontaktinformasjon i menyen til venstre.


Samnanger godt representert på krinsplan

Indremisjonssamskipnaden, ei samanslutning av indremisjonslaga i Sunnhordland, Hardanger og Voss - der Samnanger indremisjon er innmeldt, hadde årsmøte på Framnes i helga. Her vart Ruben Dyrhovden innvalgt som 2. varamann til styret for denne krinsen. Frå før er Gunn Totland Moss fast medlem av styret. Indremisjonssamskipnaden eig og driv fleire stroe institusjonar, dei har opp mot 10 tilsette, med forkynnarar og barne- og ungdomsarbeidarar og dei driv eit omfattande leirarbeid.

Bergen krins av Norsk Luthersk Misjonssamband hadde sitt årsmøte for to veker sidan - der var ingen nye representantar frå Samnanger på val, men Magne Hitland er frå før fast medlem i dette styret.


Interkulturell kafe - med inntrykk frå Peru

Laurdag 14. juni var bedehuset stelt istand til interkulturell kafe. Folk frå svært ulike hjørne av verda hadde med seg mat frå sin heimekultur, så folk kunne forsyna seg frå eit svært rikhaldig bord. Arne og Enma Gjerde fortalde og viste bilete frå Enma sitt heimland Peru. Medlemmer av vår eigen Dyrhovden-familie gledde oss med song og musikk.  Praten summa rundt borda og lengda på samkoma skulle tyda på at folk kosa seg. Nokre glimt:

 Kommunikasjon på tvers av ulikskapInntrykk frå Peru Ungdomen sterkt representert     

 TenKafe /Allidrett avslutta med nattbadïng 

 TenKafeen på tur til Skutevika Andreas Moss med full innsats i kapp-etingMirjam Dyrhovden og Renate Tveiterås synest nattbading er bra 

 Siste samling fann stad fredag  13.juni.

Allidrett med TenKafe fortset til hausten og me håper mange Samnangerungdomar finn ut at dette er bra! 

 


Samnange indremisjon vil slå saman NLM og IMF

Styret i Samnanger indremisjon har drøfta situasjonen for bedehusarbeidet i Noreg - som vi er ein del av - og meiner at ei samanslåing av dei to store misjonsorganisasjonane Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) og Indremisjonsforbundet (IMF) ville styrkja dei lokale kristenflokkane i landet og gi ein ny giv i arbeidet mange stader. Det ville også frigjera mykje ressursar på det organisatoriske planet til meir evangelisering og strategisk arbeid. Sjå dokument om saka under menyen ARTIKLAR til venstre.


Ny norsk ekteskapslov - Guds ekteskapslov står fast

Idag  vedtok Stortinget ei ny ekteksapslov, der hovudintensjonen er å definera homfilt samliv som like bra som tradisjonelt ekteskapleg samliv. Men Guds lov, definert i Bibelen, kan ikkje forandrast, den seier "Du skal ikkje bryta ekteskapet" (2.Mos. 20, 14) - underforstått: som ei livslang pakt mellom ein mann og ei kvinne. Dermed har Stortinget valt ein annan grunnvoll for framtidig samfunnsbygging enn den kristne, og har med det også sagt nei takk til Guds signing som følgjer hans livslover.

Dette er ein sorgens dag - fordi Guds lov er god for folk og land. Fornuftige argument har ikkje nådd fram i debatten, men her er mykje ressursstoff om saka: www.morfarbarn.no. Fagfolk har nemnt at konsekvensane av lova vil slå ut i statistikkane over sosiale og psykiske skadeverknader. Å prioritera kjernefamilien med mor-far-barn og gi denne særrettar i lovverket ville vera å styrkja borna sine oppvekstvilkår, og oppmuntra folket til å føda fleire born. Det er dette som trengst i ei tid då Europa er iferd med å gjera kulturelt og tallmessig sjølvmord - fødselsratene er så låge at samfunnsforskarane snakkar om demografisk krise innan få tiår. Å gje mor-far-ekteskapet ei særstilling i lovverket er ikkje diskriminering av homofile, men ei positiv særbehandling av ein samfunnsbyggjande institusjon.

Vårt oppdrag som kristne er å halda fram Guds ord til folk og land. Og i denne saka er Bibelen svært klar:

"Og Gud skapte mennesket i sitt bilete. Til mann og kvinne skapte han det. Og han velsigna dei og sa til dei: Ver fruktbare og vert mange. Fyll jorda og legg henne under dykk" 1. Mos, 1, 27-28.

"Eller veit de ikkje at dei som gjer urett ikkje skal erva Guds rike? Far ikkje vilt!  Korkje horkarar eller avgudsdyrkarar eller ekteskapsbrytarar eller dei som let seg bruka til unaturleg utukt, eller menn som driv utukt med menn... skal erva Guds rike". 1. Kor. 6,9-10.

"Lat alle halda ekteskapet i ære, og hald ektesenga usmitta! For Gud skal døma dei som driv hor og bryt ekteskapet" Hebr. 13,4.

Kvart menneske står fritt til å velja sin eigen livsveg, Guds ord peikar på vegen til  det gode livet!