Samnanger misjonsforsamling
PÅMELDINGAR
Helgatun 10 - 12 sept 2010
HOVEDMENY
Samnanger misjonsforsamling
Bedehusa
Aktivitetar og møte
   - Barnekoret
   - TenKafe / All-idrett
   - Føremiddagstreff
   - Bibelgruppe
   - Søndagsskulen
Om oss
Kontaktinformasjon
Send epost
Linkar
For Deg
For deg
Korleis bli kristen
Møteopptak
Treng forbøn/hjelp
Kalender
« < September 2010 > »
S M T O T F L
29 30 31 1 2 3 4
5 6 7 8 9 10 11
12 13 14 15 16 17 18
19 20 21 22 23 24 25
26 27 28 29 30 1 2
LOGG INN
For medlemmer
Artiklar
Bedehusarbeid og strategi
Tema i bibelsk lys
Utskrift E-post

SK22+ ein kjempesuksess!

Siri Hitland

SK22+ vart avvikla med stor suksess i helga. 30 påmeldte opplevde ein flott weekend med kristent innhald, sosialt samvær og utfordrande oppgåver. Staben i Sætervika skapte ei strålande ramme, der måltida fekk mykje skryt.

Foreløpig gjennomgang av evalueringane viser at deltakarane var svært nøgde med opplegget. 

- Det vert SK22+ også til neste desember, seier Siri Hitland

- Det var eit flott arrangement og veldig godt gjennomført.  Dersom eg ikkje har ordna meg, blir eg med til neste år! seier ein annonym deltakar.

 Staben i Sætervika

 

 Red., 07.12.08


Framleis plass på SK22+

Siri Hitland, leirsjef

Siri anbefalar folk å melde seg på, der er framleis ledige plassar

- Dette er ein flott weekend, både seriøst og veldig hyggjeleg opplegg!


               .

 

 

 

 

Karsten Raunehaug, teambuilding

Karsten er sjølv nøgd med opplegget for teambuildingen - det blir både utfordrande og morosamt.

- Folk skal ha det gøy i grupper på 6-8, seier han

 

Jostein Jørgensen, musikk

24/7 er eit band på 8 medlemmer.

- Vi skal leie allsang og ha ein konsert utpå kvelden.

 


 

 

    Traktat for oppkopiering:  Sk22+                                                                                                            Red., 21.11.08


 

 Ei veke med mykje flott program - sjå i kalenderen - og kom på bedehuset!

Red., 08.11.08


Invitasjon til Julebord

Også i år vert det julebord på Tysse Bedehus, lørdag 29 nov. kl.17.00.

Vi håper at nettopp du har lyst å vera med, sjå under Påmeldingar i menyen til venstre, grip telefonen og få deg plass!

 Red., 08.11.08


  Eit arrangement for single kristne over 22 år  - NB: Påmeldingsfrist 01. des.

6. desember i år er single kristne, 22 år eller eldre, invitert til festarrangement i Sætervika. Sjekk opp programmet anna stad på denne web-sida, og vi ber alle som les dette vera med å gjera det kjent utover i landet - for aktuelle deltakarar.  Her er avgrensa plass (60), så interesserte må ikkje venta med å melda seg på.

Påmeldingsfrist: 01.desember        Traktat for oppkopiering: Sk22+

Er du kristen og singel utfordrar vi deg til å melde deg på SK22+. Dette er eit flott arrangement nettopp for deg, ein flott anledning til å bli kjent med nye folk i same situasjon. Temaet for samlinga er  ”Korleis finna den rette”. Her blir andakt og humor, god musikk og god mat. Ta imot utfordringa, gi deg sjølv sjansen og meld deg på !

Red., 15.10.08


Velkomen til møteveke med Åge Solsvik

Onsdag 5. nov: Likninga om   Skatten i åkeren....og meire til   Matt 13, 44 - 50
torsdag 6. nov: Likninga om   Den barmhjertige samaritan     Luk   10, 25 - 37
fredag   7. nov: Likninga om   Den heimeverande sonen      Luk   15, 25 - 32
lørdag   8. nov: Likninga om   Den heimeverande sonen      Luk   15, 25 - 32
søndag 9. nov: Ord av Jesus :  " Men eitt er nødvendig"      Luk   10, 38 - 42
Red., 17.10.08

- Gud leier sitt folk på omvegar

sa Audun Hjelvik ( frå Norhordaland indremisjon) i bedehuset fredag. Han heldt to bibeltimar om Guds omsorg for sitt folk og brukte Israels utvandring frå Egypt som førebilete for oss. Gud førde Israel lange omvegar, og sette dei på harde prøvingar. Og Israelsfolket strauk på alle prøvane. Men Gud hadde ein plan. Det var å halda dei audmjuke, så dei hadde bruk for sin Gud, å læra dei å tru på seg,  læra dei å tola motstand, og å føra dei inn i det lova landet som sitt eigedomsfolk.  - Det er unormalt for ein kristen å ikkje ha det vanskeleg i periodar, sa Hjelvik. Det er gjennom prøvingar og liding at Gud oppdreg sitt folk.

Audun Hjelvik hadde to flotte bibeltimar, til stor trøyst og oppmuntring for forsamlinga. Han er ein erfaren forkynnar og har ein varm og nær stil, det er godt å vera tilhøyrar. Audun Hjelvik skal vitja oss tre gonger til før jul, følg med i kalenderen og kom på bibeltimane!

Red., 06.09.08