|
Side 3 av 8 Om Jesus sin dåp - kva den betyr for ossI møtet i føremiddag, tala Kristian Jørgensen over søndagens tekst, Matt. 3, 13-17. Denne omhandlar Jesu dåp då han var 30 år. Kvifor let Jesus seg døypa? Kva skjedde då dette hende - og kva har det å seia for oss idag? Dette var nokre av spørsmåla Kristian gjekk igjennom - heile tala er lagt ut under møteopptak om ikkje lenge. Red., 11.01.09
Ei forsamling etter bibelsk mønster?Finst det eti bibelsk mønster for korleis ei kristen forsamling skal ordnast? Luthersk kyrkjelære seier i utgangspuntet at det IKKJE er eit fast mønster som er pålagt alle utifrå Bibelen. Likevel, for bibellesande kristne er det idag meiningsfullt å tala om eit bibelsk mønster for forsamlinga. Samnanger indremisjon har nettopp uttrykket "Ei forsamling etter bibelsk mønster" som sin visjon. Sjå i menyen for Artiklar til venstre - under Bedehusarbeid og strategi - kva vi legg idette! Red., 11.01.09
Programmet våren 2009Programmet for våren 2009 for Samnanger indremisjon er på plass i kalenderen vår her på web-sida - førebels kun for januar. Heile programmet er tilgjengeleg som eit dokument - det vert lagt ut her så snart vi har overvunne ein teknisk feil. Red., 11.01.09
Det personlege livet med Jesus som telNyttårsfesten, det årleg fellesarrangement mellom bygdene i Fusa og Samnanger,var i år på Tysse bedehus. Etter det folk i salen kunne vita, har denne festen vore ein tradisjon frå rett etter krigen. Truleg var dette ein Fusa-fest i starten, der Samnanger kom med midt på 50-talet. Audun Aase, soknepresten i Samnanger, tala over Jesu ord i Johs. 10,10:: "Eg er komen for at de skal ha liv og ha overflod". Det er dette livet og denne overfloda me må søkja, og det får me når me opnar oss for Jesus og lever nært saman med han. Då ordet vart gjeve fritt hadde mange noko å dela, og heile festen vart ei oppbyggjeleg stund som gav kraft og frimot til kvardagen. Eit av tema som fleire var innom var vårt kall til å gje vidare den gode gåva me har fått. Red., 04.01.09
Jesus er lyset åt verda
| Tradisjonar hjelper oss å halda fast på det gode. Slik også med julefesten på bedehuset 4. juledag. Truleg har den vore feira omlag på same vis sidan bedehuset vart bygt for over 100 år sidan. Men den gamle bodskapen vi høyrer og syng om er likevel høgst aktuell, varm og livgjevande for oss alle også idag. Jesus er livsens lys, lyset i verda, skaper så mykje godt for den einskilde og for samfunnet. - Det er rart at ikkje mange fleire ser dette, sa taleren for kvelden, Kåre Hellem frå Leknes i Nordhordland. Red., 28.12.08 |
|