|
Side 2 av 8  | | "Ta borna med på møte!"Søndag 3. januar var det føremiddagsmøte med dåp i bedehuset. Jostein Skutlaberg tala over Jesus som vart teken med på den årlege høgtidssamlinga i Jerusalem (Luk 2.). -Jesus vaks opp i ein truande heim, prega av gudfryktige skikkar. Som barn vart han lært opp i å lytta til Guds ord og vera med i dei religiøse samlingane, slik skrifta føreskreiv, sa Skutlaberg. Han formana foreldre til å ta borna sine behov på alvor, og ta dei med på møte der Guds ord vert forkynt. Iføgje gamal jødisk tradisjon er borna gamle nok til dette når dei er 5 år, kunne Skutlaberg orientere, og utfordra våre haldningar. Elisabeth og Sindre Romarheim døype sonen sin Jens i bedehuset på Tysse |
Red., 06.01.10
Kom på Julefesten !4. juledag kl. 17, i Tysse bedehus Flott program for små og store - - Juletregong
- - Song og musikk
- - Leikar
- - Andakt v/Arne Jørgensen
- - Festmat
| |  |
Red., 22.12.09
Guds dør er enno open for deg!  | Gud har befalt alle menneske å venda om, og han har i Bibelen gjeve oss forklaring på kva det betyr. Det landskjente evangelistparet Martha og Edgar Paulsen vil undervisa om dette i ein to vekers møteserie på Tysse bedehus. Bruk denne sjansen til å finna fred med Gud. Gjer noko med det du kanskje har tenkt på heile livet. For mange kjentest kallet sterkare i unge år - men sjølv om det har hamna langt bak og er diffust no, er innbydinga høgst aktuell for deg idag. Edgar er kjent for si songstemme og sitt Jim Reeves-repertoar. Det vert eiegen konsert i Hagakyrkja, men det vert også mykje song i møta på Tysse. Gjer møtene kjent - Ta vener med deg - Kom og høyr! | Jim Reeves konsert med Edgar Paulseni kyrkja på Haga Laurdag 31. oktober kl. 19.00 Billett kr. 100,- (born under 10 år gratis) |
Møteserie i Tysse bedehus, 27.10 - 7.11 Red., 12.11.09
Nytt SK22+ 5-6 desember 09SK22+ vert også i år arrangert i Sætervika, 5.-6. november. Konseptet skal overtakast av ImF, dei er sterkt med også iår, sjå difor ImF-Ung si heimeside for meir informasjon og påmelding. Red., 17.10.09
Samnanger misjonsforsamling etablert  Styret 2009: F.v.: Astrid Hitland, Arne Jørgensen, Rune Espelid (form.) Arnfinn Jørgensen, Kari Dyrhovden, Terje Næss. | - Indremisjonen og NLM lokalt har slått seg saman, vil stå sterkare for framtida, og dannar eit heildekkande, bibelsk forsamlingstilbod. - Langvarig prosess over mange år, oppfatta seg som ei forsamling, driven av Indremisjonen og NLM siste 10-15 åra. - Byggjer på at Bibelen er Guds sanne ord som gjev den beste retning, tryggleik og liv, også i vår tid - Vil vera eit tilbod til alle kristne som søkjer ei bibelsk forsamling å tilhøyra. - Vil halda oppe eit kall til alle om å søkja Gud og ta imot hans frelse og gode gåver. |
PRESSEMELDING Samnanger indremisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) lokalt har no gått saman og dannar Samnanger misjonsforsamling. Dette skjedde med eit samrøystes vedtak i ekstraordinært årsmøte i Samnanger indremisjon den 20. september. Samnanger misjonsforsamling vil vera ei forsamling etter bibelsk mønster. Vi vil byggja vidare på våre åndelege røter, med forkynning til vekking og personleg liv i Gud, og vi vil leggja til grunn eit lågkyrkjeleg embetssyn med det allmenne prestedømmet og dei frie nådegåvene.Samnanger misjonsforsamling er etablert for å samla kreftene, stå tettare saman om indre- og ytremisjonsarbeidet, og med det styrkja lekmannsarbeidet på bedehuset i ei utfordrande tid. Vi vil møta dei unge familiane med eit heildekkande, bibelsk forsamlingstilbod og vera eit tilbod til kristne som søkjer ein bibelsk samanheng å høyra til. Forsamlinga står innmeldt i Indremisjonssamskipnaden (ImF) og NLM, og medlemmene er stilt fritt med omsyn til juridisk kyrkjemedlemsskap. Med denne forsamlingsdanninga set vi på nytt fokus på kjernen i bedehusverksemda, vennesamfunnet som må vera drivkrafta i arbeidet, og tilrettelegg for at våre etterkomarar skal få erfara dette. Med bedehusrørsla fekk vi ei kristendomsform som har gjeve landet og folket store velsigningar, og vi har stor tru på at dette, i møte med ein vanskeleg åndssituasjon, er ei kristendomsform som har framtida for seg. StyretSamnanger misjonsforsamling Red., 26.09.09
|