Samnanger misjonsforsamling
PÅMELDINGAR
HOVEDMENY
Samnanger misjonsforsamling
Bedehusa
Aktivitetar og møte
   - Barnekoret
   - TenKafe / All-idrett
   - Føremiddagstreff
   - Bibelgruppe
   - Søndagsskulen
Om oss
Kontaktinformasjon
Send epost
Linkar
For Deg
For deg
Korleis bli kristen
Møteopptak
Treng forbøn/hjelp
Kalender
« < Mars 2010 > »
S M T O T F L
28 1 2 3 4 5 6
7 8 9 10 11 12 13
14 15 16 17 18 19 20
21 22 23 24 25 26 27
28 29 30 31 1 2 3
Næraste hendingar
Ingen hendelser
LOGG INN
For medlemmer
Artiklar
Bedehusarbeid og strategi
Tema i bibelsk lys
Utskrift E-post

  

 Jens Romarheim døypt

   

"Ta borna med på møte!"

Søndag 3. januar var det føremiddagsmøte med dåp i bedehuset. Jostein Skutlaberg tala over Jesus som vart teken med på den årlege høgtidssamlinga i Jerusalem (Luk 2.). -Jesus vaks opp i ein truande heim, prega av gudfryktige skikkar. Som barn vart han lært opp i å lytta til Guds ord og vera med i dei religiøse samlingane, slik skrifta føreskreiv, sa Skutlaberg.  Han formana foreldre til å ta borna sine behov på alvor, og ta dei med på møte der Guds ord vert forkynt. Iføgje gamal jødisk tradisjon er borna gamle nok til dette når dei er 5 år, kunne Skutlaberg orientere, og utfordra våre haldningar.

Elisabeth og Sindre Romarheim
døype sonen sin Jens i bedehuset på Tysse

Red., 06.01.10


Kom på Julefesten !

4. juledag kl. 17, i Tysse bedehus

Flott program for små og store

  •      -  Juletregong
  •      -  Song og musikk
  •      -  Leikar
  •      -  Andakt v/Arne Jørgensen
  •      -  Festmat
     

Red., 22.12.09


Guds dør er enno open for deg! 

 Marthe og Edgar Paulsen

Gud har befalt alle menneske å venda om, og han har i Bibelen gjeve oss forklaring på kva det betyr. Det landskjente evangelistparet Martha og Edgar Paulsen vil undervisa om dette i ein to vekers møteserie på Tysse bedehus.

Bruk denne sjansen til å finna fred med Gud. Gjer noko med det du kanskje har tenkt på heile livet. For mange kjentest kallet sterkare i unge år - men sjølv om det har hamna langt bak og er diffust no, er innbydinga høgst aktuell for deg idag.

Edgar er kjent for si songstemme og sitt Jim Reeves-repertoar. Det vert eiegen konsert i Hagakyrkja, men det vert også mykje song i møta på Tysse.

Gjer møtene kjent - Ta vener med deg - Kom og høyr!

Jim Reeves konsert    med  Edgar Paulsen

i kyrkja på Haga

Laurdag 31. oktober kl. 19.00

Billett kr. 100,- (born under 10 år gratis) 

Møteserie i Tysse bedehus, 27.10 - 7.11

 Møte

 Lytt til møtet - lydopptak kjem opp her straks etter kvart møte       

Tysdag  kl. 19.30

Tale av Martha Paulsen : Høyrer du til "Vegen" ?

Onsdag kl. 19.30Tale av Martha Paulsen : Livet i overflod
Torsdag kl.19.30

Tale av Edgar Paulsen : Om gleda i Herren

Fredag kl. 19.30Tale av Martha Paulsen : Guds gåve til oss
Søndag kl. 18.00 
Tysdag kl. 19.30 Tale av Martha Paulsen: Bønn1
Onsdag kl.19.30 Tale av Martha Paulsen: Bønn2
Torsdag  kl. 19.30 Tale av Martha Paulsen: Guds omsorg
 Fredag kl. 19.30 Tale av Edgar Paulsen: Kven er min neste?
Søndag kl. 18.00 Tale av Martha Paulsen

 

 

 

 

 

 

 

 

Red., 12.11.09

 

 


Nytt SK22+   5-6 desember 09

SK22+ vert også i år arrangert i Sætervika, 5.-6. november. Konseptet skal overtakast av ImF, dei er sterkt med også iår, sjå difor ImF-Ung si heimeside for meir informasjon og påmelding.

Red., 17.10.09


Samnanger misjonsforsamling etablert

 

 Styret 09: Framme frå venstre: Astrid Hitland, Rune Espelid (form.) Kari Dyrhovden. Bak frå venstre: Arne Jørgensen, Arnfinn Jørgensen, Terje Næss

Styret 2009: F.v.: Astrid Hitland, Arne
Jørgensen, Rune Espelid (form.) Arnfinn
Jørgensen, Kari Dyrhovden, Terje Næss.

 - Indremisjonen og NLM lokalt har slått seg saman, vil stå sterkare for framtida, og dannar eit heildekkande, bibelsk forsamlingstilbod.

 - Langvarig prosess over mange år, oppfatta seg som ei forsamling, driven  av Indremisjonen og NLM siste 10-15 åra.

- Byggjer på at Bibelen er Guds sanne ord som gjev den beste retning, tryggleik og liv, også i vår tid

- Vil vera eit tilbod til alle kristne som søkjer ei bibelsk forsamling å tilhøyra.

- Vil halda oppe eit kall til alle om å søkja Gud og ta imot hans frelse og gode gåver.

 

PRESSEMELDING

 

Samnanger indremisjon og Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) lokalt har no gått saman og dannar Samnanger misjonsforsamling. Dette skjedde med eit samrøystes vedtak i ekstraordinært årsmøte i Samnanger indremisjon den 20. september.

 

Samnanger misjonsforsamling vil vera ei forsamling etter bibelsk mønster. Vi vil byggja vidare på våre åndelege røter, med forkynning til vekking og personleg liv i Gud, og vi vil leggja til grunn eit lågkyrkjeleg embetssyn med det allmenne prestedømmet og dei frie nådegåvene.

Samnanger misjonsforsamling er etablert for å samla kreftene, stå tettare saman om indre- og ytremisjonsarbeidet, og med det styrkja lekmannsarbeidet på bedehuset i ei utfordrande tid. Vi vil møta dei unge familiane med eit heildekkande, bibelsk forsamlingstilbod og vera eit tilbod til kristne som søkjer ein bibelsk samanheng å høyra til.

 

Forsamlinga står innmeldt i Indremisjonssamskipnaden (ImF) og NLM, og medlemmene er stilt fritt med omsyn til juridisk kyrkjemedlemsskap.

 

Med denne forsamlingsdanninga set vi på nytt fokus på kjernen i bedehusverksemda, vennesamfunnet som må vera drivkrafta i arbeidet, og tilrettelegg for at våre etterkomarar skal få erfara dette. Med bedehusrørsla fekk vi ei kristendomsform som har gjeve landet og folket store velsigningar, og vi har stor tru på at dette, i møte med ein vanskeleg åndssituasjon, er ei kristendomsform som har framtida for seg.

 

Styret

Samnanger misjonsforsamling

  Red., 26.09.09